Her kan du sjå kapasitet på alle avgangane og planlegge reisa di.
Å halde god avstand er eit av smitteverntiltaka om bord i kollektivtrafikken. På nokre avgangar har det vist seg å vere vanskeleg i overhalde avstandskrava. Skyss har difor utvikla ei nettside som viser korleis kapasiteten har vore sist veke på dei ulike avgangane i området Hordaland.
No kan du sjekke om bybanen eller bussen vanlegvis er full når du planlegg å reise og kan tilpasse reise di til ein avgang det er færre passasjerar om bord. Tala som vert viste er historiske, men du kan likevel lettere forutse når det er ledig kapasitet. Sjølv om vi kan ikkje garantere at situasjonen er den same i dag eller i morgon som den var i går eller fleire dagar tilbake.
Løysinga er ein prototype som er under løpande utvikling.
Les mer her: https://www.skyss.no/Verdt-a-vite/Nytt-fra-Skyss/sjekk-om-det-er-fullt-pa-bussen/
Løysinga finn du her: https://kapasitet.skyss.no/
(Dette innlegget er delt fra skyss sin nyhetsartikkel)