Bergen og Hordaland Turlag søker frivillige til «TiTur på Hjul»!

Bergen og Hordaland Turlag ønskjer å utarbeide eit konsept med ti digitale turpostar langs turvegar med høg grad av tilgjengelegheit. Vil du bidra som frivillig og inspirere andre til å få gode naturopplevelser?

Konseptet bygger på vårt etablerte konsept «TiturBergen» og tar med seg sentrale moment derfra.

Turlaget tilbyr mange variantar av turpostkonsept i Hordaland. Dei er til for at folk skal oppdage nye flotte turar og få motivasjon til å kome seg ut, enten om det er aleine eller med familie og vener. Det er imidlertid stor variasjon i grad av tilgjengelegheit i dei ulike konsepta, og nettopp dette er hovudmålsettinga for dette prosjektet.

TiTur på hjul

No treng med frivillige til å etablere konseptet «TiTur på hjul». Ein viktig del av jobben er å beskrive godt korleis ein turveg er, slik at deltakarar sjølvkan vurdere om turen er tilgjengeleg for dei. Vi håpar mange vil teste ut «Titur på hjul»; det vere alle som likar å benytte seg av grusvegar, personar som brukar rullestol, ein barnefamilie med barnevogn og unge på sykkel, folk som trener seg opp etter sjukdom eller skade, eldre eller personar som har utfordringar med balanse og koordinasjon. 

Koronapandemien har gjeve oss ekstra motivasjon til å starte dette prosjektet, då det sidan mars har vore ei usikker tid med mykje avlysingar og utsetting av organiserte aktivitetar. Dette konseptet stimulerar til eigenorganisert aktivitet, og kan difor gjennomførast uavhengig av utviklinga knytta til covid-19. Prosjektet er i tråd med Turlaget sitt mål om å bidra til å gjere friluftslivet tilgjengeleg for flest mogleg.

Kva innebærer det å vere frivillig i dette prosjektet?

Oppgåver

  • Kartlegge og bestemme 10 egna turmål inkl. punkt der folk kan sjekke inn
  • Digitalt arbeid med turbeskrivingar på nettside og app
  • 2–4 møter i året på ettermiddagstid/kveldstid

Frivillige oppgåver består altså av ein kombinasjon av kartlegging i felt (testing av turane) og digitalt arbeid med nettside og app. Vi søker 4–5 frivillige som dannar eit utvalg, leia av prosjektansvarleg i Turlaget. Vi vil samarbeide gjennom møter (desse blir digitale dersom situasjonen med covid-19 krevjar det). Nødvendig opplæring blir gjeve. Med din frivillige innsats vil du bidra til å inspirere mange til å kome seg ut og få gode opplevingar i naturen.

Kvalifikasjonar

Som frivillig i dette prosjektet må du vere motivert til å gjennomføre fleire av turane vi saman bestemmer oss for skal vere med i konseptet. Det er ein fordel om du har litt erfaring og interesse for å jobbe med digitale oppgåver. Vi søker gjerne etter deg som sjølv har funksjonsnedsettelse, då dette kan bidra positivt til kvalitetssikring av konseptet. Men det er ikkje eit krav – alle som vil engasjere seg som frivillig i Turlaget og synest dette høyrest spennande ut er velkomen til å ta kontakt! 

Ta kontakt med Sigrid på e-post eller ring tlf. 553 35 815.

Frivillig arbeid 

Kjernen i det frivillige arbeidet er at det er, nettopp, frivillig. I dette ligger at det er ulønnet, og at motivasjonen består i å gjøre en innsats for et meningsfullt formål i et sosialt fellesskap. Ordningen for frivilliggoder skal dekke den enkeltes kostnader og gi oppmuntringer av begrenset økonomisk verdi, ikke tjene som økonomisk kompensasjon for arbeidet. 

Her kan du lese meir om godene ved å vere frivillig i Bergen og Hordaland Turlag.

Tekst: Sigrid Kvåle Myksvoll
Kilde: https://www.bergenoghordalandturlag.no/artikler/nyheter/23442-vi-sker-frivillige-til-titur-pa-hjul/